Foto:

17. mai tale - Bjoa 2007

Av: Nils Reimers 18.05.2007

Talen handlar om det sosiale høgdepunktet dagen er i bygdenoreg og om demokratiet i kvardagen. Til slutt litt om korleis dei eldre kan hjelpe oss å endre været.

Kjære alle saman.

Eg vil først nytte høvet til å takke komiteen som gav meg det ærefulle oppdraget det er å halde 17. mai tale. Ettersom vi er innadørs set det eindel krav til talen sitt innhald og ikkje minst lengde. Eg såg at det var mulig å pitla ned ein tale frå internett til 79,50 men den var ganske lang og best eigna utandørs der folk kan stikke seg vekk bak ei bjørk eller eit hjørna for å få fred.

Min tale handlar om nasjonaldagen som ei feiring av den fridom og den demokratiske styreforma grunnlova gir. Eg vil og tale om denne dagen som det sosiale høgdepunktet den er i bygdenoreg.

På den 17 mai kan alle treffast og komme så nær kvarandre at det er mogeleg måle voksteren til borna og vurdere helsa til dei eldre. Ansikta me har rundt oss i dag er langt frå tilfeldige. Desse ansikta er ein del av landskapet vi lever i på same måten som fjella og fjorden. Noko varer lenge slik som Gråhorjå og noko varer ei kort tid slik som værlamma. Vi veit at det er slik og vi veit at vår plass er midt i mellom. Kjensla av å ha sin plass på denne måten er ei stor gåve.

Ein føresetnad for å nyte denne kjensla er fridom; På nasjonaldagen må vi difor ikkje gløyme å heidre dei framsynte og uredde deltakarane frå grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll for 197 år sidan. Dei la grunnlaget for eit demokratisk styresett som var før si tid. Gjennom åra seinare har fleire gått i fotspora og utvikla den personlege fridomen og styresettet vidare.

I kvardagspolitikken er det ikkje alltid så lett å få auge på desse framsynte og uredde som framleis brukar krefter og tid for at styreforma vår skal fungere. Det var difor ein liten 17 mai for meg den 25 januar då eg sette meg ned med Grannar. Der sto det å lese at formannskapet i Vindafjord hadde gjort ein oppgang av saksbehandlinga i ein del saker av stor betydning for enkelpersonar og levert eit notat med klår tekst til rådmannen basert på funna som blei gjort. Eg vil ikkje sei noko om sjølve saka, - den har nok fleire sider som alle saker har, men i den tida eg har fylgd lokalpolitikken er dette det mest konkrete grep eg har sett i forhold til å ivareta dei folkevalde si stilling. - Heilt i tråd med grunnlaget for vårt styresett. Ein slik uredd handlemåte frå dei folkevalde varslar godt for framtida. Eg trur elles og at den administrative sida og opplever dette positivt ut frå behov for klåre retningsliner som er ein føresetnad for god saksbehandling.

Eit anna sett med retningslinjer som og er kome på plass er kommuneplanen for dei neste 5 åra. I denne ligg det fast eit mål om småskule og barnehage i kvar av dei ni bygdene i kommunen vår. Dei politiske partia har slutta seg til denne planen og i utgangspunktet er målsetningane overordna det årlege budsjettarbeidet. I næringslivet er "forutsigbarhet" det første som blir trekt fram når ein leiar blir spurt om kva politikken kan bidra med. Som tilbakeflytt til kommunen og med ein veksande familie kan eg fastslå at det same gjeld for kjernefamilien. Utan lange linjer og tryggleik for skule og barnehage hjelper verken fossefall eller breiband. Mot ein slik bakgrunn trur eg difor at den nye kommuneplanen, brukt rett, kan bli det viktigaste tiltaket som er gjort og kan gjerast for å halde oppe innbyggjartalet i kommunen.

Eg vil i denne samanheng og nytte høvet til å rette honnør til dei folkevalde frå bygda som har arbeida seg gjennom den siste perioden og har vore sentrale i begge dei sakene eg har vore innom.

I desse tider og kan det ikkje haldast ein tale utan å snakke om været. - Dette gjeld og på nasjonaldagen. I 1985 oppdaga fem britiske forskarar eit hol i ozonlaget over polane. År om anna blei holet målt og det blei klårt at det utvida seg. Det viste seg at årsaka var ein kombinasjon av den låge temperaturen på polane og auka bruk av ein del klorerte gassar i moderne hushaldning. I 1989 blei det gjort eit internasjonalt bindande vedtak om å stanse bruk av desse gassane. I dag har utvidinga av holet i ozonlaget senka farten og det er forventa at det er redusert og stabilt innan 2040 eller 2050.

På drivhusgass er vi derimot om lag der ozonarbeidet var i 1987. Vi er midt mellom oppdaginga og vedtak. Utviklinga til no i år viser ei auke i CO2 innhald i atmosfæren som kan samanliknast med å fylle vatn i ei flaske - eller bensin på ei 5 literskanne for dei som har prøvd det. Det går fint og væskenivået kjem oppover heilt til det nærmar seg tuten - då går det veldig fort. Når det gjeld CO2 er vi no på veg inn i tuten. Gjennom 2006 har og dei siste teoriane om naturlege svingingar falle bort. Dette betyr at vi må gjere noko konkret slik vi gjorde med kjøleskap og sprayboksar i 1989. Denne gongen må det antakeleg sterkare lut til; Det er tale om at utsleppa må tilbake til nivå likt det som var på 1970'talet. Vi skal reinse gasskraft og gjere eindel enkle tiltak med kvotehandel, men det viktigaste står att - å redusere vårt eige energiforbruk.

Tilbake til nivå frå 70 talet; - Dei over 30 kan no tenke tilbake til 1975 eller 1976; - Kva mangla vi den gongen? Fraus vi? Kom vi ikkje fram langs vegane eller på fjorden? Var det lite mat? Sjølvsagt ikkje og tenkjer vi rett godt etter kunne det til og med være betre. Eg kunne i alle fall reise kollektivt frå Førland i Vikedalsdalen til syskenborna mine på Ullandhaug utanfor Stavanger to eller tre gonger til dagen om eg ville. Rett nok ville ikkje foreldra på den tida køyre bilen forbi Flottmyr, men elles kom vi lett fram langs vegane og. Maten var heller ikkje noko problem med lokalt bakeri og sal av fersk fisk på døra. I salen er det i dag fleire som kan hugse mykje lenger tilbake; - Kanskje til dei første bilane. For dykk trur eg faktisk at syttitalet er vanskeleg å skilje velstandsmessig frå slik vi har det i dag.

Den utviklinga generasjonane født før krigen har opplevd og tilpassa seg får dei endring som no blir kravd av oss til å fortone seg bagatellmessige. På denne måten trur dei eldre generasjonane kan bli veldig viktige i klimadebatten og arbeidet for å skape motivasjon for å løyse dei utfordringane vi står ovanfor. Måten å gjere dette på er å mine oss om at endring er mogeleg og at det antakeleg vil gjere liva våre rikare.

Med dette vil eg takke for meg og ynske alle tillukke med dagen.


Teikniga på årets 17. mai program er laga av Malene Aasbø

Bjoanettredaktøren: Bilder fra dagen på Bjoa kommer i løpet av helgen. Så følg med!