I helga var alle aspirantane i Bjoa 4H på overnattingstur i Garavikjo.
Lørdag føremiddag møtte 10 blide aspirantar opp i Garavikjo
med telt, soveposar, liggeunderlag og annan oppakning. Me skulle berre vera til neste dag, men etter bagasjen å døma kunne me visst vore lenger.
Ungane var ikkje seine om å skifta til badeklede, og jammen var flesteparten så tøffe at dei tok seg både ein og to svømmeturar i det kalde vatnet! Så var det tid for graut, og den gjekk ned på høgkant - ein blir svolten av å bada, veit du. Etter mat var det tid for litt leik; kubbaspel, badminton, fotball etc.
Om ettermiddagen laga me leir-skjorter som me skal ha på oss på aspirantleiren på Bjoa i august. Grilling høyrer og med i desse sommar-tider. Hamburgerar og pølser forsvant som dugg for solen.
Om kvelden laga me bål og kosa oss i standkanten.
Leiarane var litt spente korleis det skulle gå å sova i telt om natta, men det blei fort stilt og alle sov godt til morgons.
Me vakna til ein flott dag. Frukosten åt me ved langbordet nede i stranda, før alle sette i gong med å fanga krabbar fram til foreldra kom for å henta sine håpefulle heim.
Ein kjempekjekk tur ilag med kjempekjekke ungar.
Av: Anne Gunhilde Oma 04.06.2007