Vikestølsnemnda arrangerer aktivitetshelg på Vikestølen 25. - 27. juni.
Aktivitetar du kan vere med på er bytte av kledning, maling av husvegg, fjerning av kratt, montering av flaggstang, vasking m.m.
Me inviterer folk til å vere med og ta eit tak for å løfte standarden på det populære turmålet vårt nokre knepp.
Kledninga på nordveggen (inngangssida) skal skiftast og malast, lekkasjar i tak og rundt vindauger skal tettast, flaggstonga skal byttast, det skal hoggast ned ein del kratt rundt hytta og ryddast og vaskast inne.
Planen er å begynne fredag ettermiddag og halde det gåande gjennom helga, med overnatting på hytta for dei som ønskjer det. Ønskjer/kan ein ikkje å vere med heile helga kan ein vere med så lenge ein vil, all hjelp monnar.
Gi gjerne beskjed til Jarle Sandsgård, Rita Bjørnøy eller John Karlsen om du har lyst å vere med.