Nyttårsafta kl.11.00 på formiddagen, kåra me årets kjørkjenutar oppe på Kjørkjenuten. Årets kjørkjnutar vart i år som så mange gonger før Kristin Helleland.
Premien var ei fin bok "Rogaland" gitt av Ølen Bok & Papir. Takk til dei.
Veret var fint, men ein liten sur vind gjorde at me måtte trekkja litt tilbake i skogen. Alle frammøtte kosa seg med julegløgg kaker og kaffi og ein god drøs.
Det har vore gledeleg mange anløp på nuten i 2011 og me håpar på auke i 2012. Dette er ein fantastisk tur, passeleg lang og med ein vidunderleg utsikt frå toppen. Stien er godt merka, med start frå byggefeltet Hjartaker øvre, eller frå parkeringsplassen til Vedvikjo badeplass. Håpar endo fleire tar turen detta året?
Nyttar anledningen til å ynskja alle eit Godt Nytt År!
Kjørkjenutens venner
Foto: Kjartan Innbjo. F.h.: Ingrid Johannessen og søsteren Gro m/fam.