Foto:

Årets kjørkjenutar 2013

Av: Kjartan Innbjo 06.01.2014

Trass i surt ver, vart årets kjørkjenutar kåra oppe på Kjørkjenuten
Nyttårsafta kl. 12.00. Ikkje uventa, vart det Elin Gangstø som hadde flest turar til nuten i 2013. Det vart eit travelt år med brekt fot på våren, nye barnebarn, slutta å røykja og full jobb i pleie & omsorg Vindafjord kommune. Gratulerer Elin !

Veret letta og me hadde ei fin opplading med gløgg, kaffi og litt til.
Me trekte også dette året ut fine premiar blandt alle som hadde skreve seg inn i boka i løpet av året og det var gledeleg mange.

Premiane var gaver frå Sparebank 1 SR-bank i Ølen og Ølen bokhandel. Takk til dei og gratulerer til dei som vart trekte ut !
Me håpar den gode trenden med trimtur til Kjørkjenuten fortset også i 2014.

Godt Nytt År til alle!

Frå Kjørkjenutens venner

Foto: Kjartan Innbjo