Foto:

Årets kjørkjnutar - Kristin Helleland

Av: Kjartan Innbjo 03.01.2009

Nyttårsafta om formiddagen kl.11.00 var me samla på Kjørkjenuten, for å avslutta trimmesesongen 2008. Det var stilt og fint vær og mange hadde tatt turen til nuten. Me grilla pølser og koste oss med kaker og kaffi m.m. Det var ny besøksrekord på nuten dette året. Takk til alle som var med og lagte det trivelegt og sosialt på årets siste dag.

Årets kjørkjnutar vart Kristin Helleland med 203 anløp på nuten i år
Hilde Pedersen overekte gavekort, som var gave frå Ølen Bok og Papir.
Elin Samland og Ingebjørg Innbjo mottok kvar sin ryggsekk, medan Herlaug Norenes fekk ein stor bag. Dette var gaver frå Sparebank 1
SR Bank Ølen. Wenche Miljeteig mottok konfekt som var lokal gave.

Mange tusen takk for alle gaver og at dei set pris på trimmetiltaket til nuten. Så håpar me 2009 blir eit like aktivt år på "nuten" og ønskjer samtidig alle eit Godt Nytt År!

Kjørkjnutens venner