Foto:

Barndomsbygda mi Utbjoa

Av: Reidun Toadalen Sæbø 13.06.2007


Ei lita hyllest til Utbjoa.

Eg går og ruslar i sommarvind
Her finn eg glede og fred i sinn
Og her veks blåbær og jordbær små
Som me som går her kan smaka på.

Og ned til sjøen der vil eg gå
For kanskje er der ein fisk å få
Og ut med fyren og Langaskjer
Der mange sortar av sjøfugl er

Ja, inni skogen og utpå eng
Der finner rådyret mat og seng
Og opp til Lokkeli finn eg veg
Ei utsikt flott åpenbarar seg

Sjå himlen farga når sola hell
gå tur langs vegen når dag vert kveld
Og kjenna duft av syrin og hegg
Få innsektstikk i frå mygg og klegg

Sjå sola skine på berg og lyng
Og høyr frå trea kor fuglar syng
Ja, slike turar dei gjer meg glad
I barndomsbygda mi Utbjoa

Foto: Marit Eikehaugen