Foto:

Bjoaungdomen best i alt!

Av: Nils Reimers 13.09.2014

Under den årlege aspirantleiren for 4H klubbane nord for Boknafjorden gjorde Bjoa aspirantane reint bord og vann både natursti og kanonballturnering.

Aspirantleierane er noko mindre i storleik enn dei tradisjonelle fylkesleirane og gjev 10-12 åringane ein lettare inngang til leirlivet. Årets leir blei halden på Frønsdal aktivitetsgard og grunna ektrem-vervarsel var det overnatting på Vågen bygdasenter. Leiren hadde om lag 100 deltakerar og 4H nemnda i Vindafjord stod som arrangør. Barbro Sælevik og Ida E. Knutsen har som oppgåve å være aspirantleierar i Bjoa 4H i år og saman med to rådgjevarar stod dei for kanonball-strategien som resulterte i sluttspel og til slutt siger over Skjold i ein tøff finale.