I samband med avvikling av Buo kom det fram eit sterkt ynskje om å få i gang ny butikk.
Etter samtalar mellom eigarane av lokala, Norgesgruppen, Merkur, potensielle og tidlegare kjøpmenn har Bygdeutviklingslaget fått oversikt over føresetnadane for ny drift;
Det kjem fram at bygdefolket sin lojalitet til butikken har vore god og innslaget av handel frå turistar har vore aukande. Norgesgruppen ynskjer ut frå dette å knytte ein butikk på Bjoa inn i sitt system som «Nærbutikk». Dei peikar på at små butikkar generelt er i framgang, antakeleg ut frå meir tidseffektiv handel. Leiaren for Merkur-programmet i vårt distrikt vil og bidra.
Merkur er eit statleg program for støtte til nærbutikkar. For at ein ny butikk skal være berekraftig må oppslutnaden frå 2013 vinnast tilbake, risiko for uføresette utgifter må ned og kontantbehaldninga må være tilstrekkeleg. Reint konkret er føresetnaden for ny butikk på Bjoa etablering av ei ny ordning for drivstoff anlegget og etablering/innlån av ein kontantreserve på NOK 1,2 mill.
Dette siste punktet er ein betydeleg utfordring og krev eit initiativ frå kapitaleigerar som ser tilstrekkeleg verdi i butikkdrift på Bjoa.
Foto: M. Eikehaugen