Foto:

Butikken på Buo

Av: Kåre Nymark 02.03.2011

Hei hei alle Bjoabuar,eller rettare sagt sambygdingar. Fekk eit lite tips frå Ije før eg reiste te Spania at butikken skulle males.

Kom heim onsdag 23. febr. og fekk beskjed fra Ije at nå var det på gang. Malerarbeidet skulle ta ca. 2 veker. Start lørdag 26. febr. etter stengetid kl. 15.00. For meg var jo dette veldig innteresant.

Søndag kveld ringde Ije og spurde om eg var heima. Ja det er eg? Kan du komma ut å sjå seier Ije? Ja, eg kjem med ein gong, seier eg. Då hadde familien til Ije og dei andre annsatte malt heile butikken ferdig. Ein fantastisk jobb utført i løpet av ei helg.

Eg må berre få lov å skryta over det dei har klart i løpet av ei enkel helg, og ønska dei lykke til videre. For oss faste kunder, er det kjekt med fornying. Skulle berre ønska at fleire hatte tid til å ta turen til denne fantastiske butikken me har på Innbjoakaien. La oss slå ring om Bjoa. Husk at butikken er det viktigaste i bygdo. Må butikken legga ned, er neste nedlegging i bygda, skulen.

Foto: Marit Eikehaugen