Bjoa Bygdeutviklingslag ynskjer å markera at Veglysprosjektet er avslutta og at bygda no har lys i mørket frå Helsehuset og til skulen. Me inviterer til bygdekafè med gratis kaffi og kake til alle som kjem. Tysdag 6. november klokka 19:30 på Helsehuset.
Slik tradisjonen har vore for bygdekafeen blir det også eit program: Informasjon om vegnamn-prosjektet v/Berit Hetland.
Bygdeutviklingslaget vil også nytta høvet til å markere Julemarknadane som er avslutta i BBL sin regi samt å drøfta andre saker som er aktuelle. Det er sjølvsagt ope for meiningsytringar frå sambygdingar.
Me håpar mange set av tid til å møtast om viktige bygdaspørsmål denne kvelden! Velkomne skal de vera!
Helsing Bjoa Bygdeutviklingslag (Grendeutval)