Programmet for valperioden 2011-2015 finn du her.
BJOA BYGDELISTE – FOR HEILE KOMMUNEN
Bjoa bygdeliste vart registrert til valet 2011 under det vanlege namnet Krinsliste for Utbjoa, Innbjoa og Haugsgjerdet. I våre moderne tider vart dette namnet for langt for valstyret sitt dataprogram, og lista heiter difor no formelt Bjoa bygdeliste.
Dei som stiller på lista er alle frå Bjoa, men bak vårt politiske engasjement ligg det ein grunnfesta heilskapleg visjon om at vi gjennom praktisk politikk skal gjera det mogleg å leve det gode liv i alle bygdene i Vindafjord.
VINDAFJORD – EIN FRAMIFRÅ BUKOMMUNE
Auken i folketalet i kommunen vår over fleire år syner at det er rundt i bygdene folk helst buset seg og blir verande. Dermed er det overordna målet at det blir lagt best mogleg til rette for at det er attraktivt, trygt og stimulerande å bu i heile kommunen.
Bygdelista vil i neste rullering av arealplanen arbeide aktivt for at det framleis skal vera godt høve til spreidd busetnad i alle bygder.
LEVANDE OG VITAL – IKKJE SENTRALISERT OG SKRAL
Bygdelista vil halde fram med arbeidet for å oppretthalde Vindafjord som eit synleg bevis på at sentralisering ikkje er ein naturlov. Kommunen vår har ikkje dei vilkåra som krevjast for at vi skal kunne konkurrere med dei store sentra regionalt. Kommunesenteret skal ha eit godt tilbod av sentrale tenester, men ei overfokusering på lokal sentralisering vil på sikt undergrave grunnlaget for lokale butikkar og anna næring i bygdene.
Bygdelista vil arbeide aktivt for:
- God balanse mellom desentralisert tenestestruktur og sentrale service-tilbod, både offentleg og privat.
- Styrking av aktiviteten i bygdene gjennom auka midlar til grendeutvala.
POLITISK MEDVERKNAD
For at eit lokaldemokrati skal fungere er det heilt avgjerande at dei politiske prosessane er opne og at både innbyggjarar og politikarar har høveleg tid til å sette seg inn i og forstå sakene som vert handsama i kommunestyre, formannskap og utval. Bygdelista vil aktivt arbeide for:
- at allmenn medverknad og innsikt i politiske prosessar og saksinnhald vert vidareutvikla og styrka.
- styrke kunnskapen om kommuneplan og arealplan.
SAMFERDSLE OG MILJØ
Kollektivtilbodet i dag er for dårleg tilpassa behovet. Det bør i større grad vera mogleg å bruke kollektiv transport til og frå arbeidsstaden, både med tanke på miljøet og for å sikre busetnad i heile kommunen. Det er framleis mange kommunale vegar i Vindafjord som ikkje held gjeldande standard. Telekommunikasjon er i dag ein naudsynt og naturleg del av kvardagen både for verksemder og private. Infrastrukturen for dette er av varierande kvalitet mange stader i Vindafjord.
Bygdelista vil arbeide for:
- eit betre tilpassa og korresponderande kollektivtilbod
- opprusting av dei kommunale vegane og utbetring av fylkesvegane
- tilfredsstillande telekommunikasjon til alle delar av kommunen
LEVE- OG OPPVEKSTVILKÅR
Bygdelista vil gjeninnføre ordninga med desentralisert spedbarnskontroll.
For Bygdelista tyder full barnehagedekning at tilbodet skal finnast der folk bur. Det blir difor viktig at utbygging av barnehage- og SFO-tilbod held tritt med behovet. Det er ikkje økonomiske eller kvalitetsmessige tilhøve som tilseier at det er behov for å endre på skulestrukturen. Bygdelista vil aktivt arbeide for at alle skulebygg og anlegg held god standard med tanke på læring, tryggleik og inneklima. Vi vil ha fokus på innhaldet i skulen, eit viktig utviklingsområde er å styrke symjeopplæringa.
Vi vil gå aktivt inn for å styrke allsidig fritids- og kulturtilbod for born og ungdom i heile kommunen.
Kommunen har eit dokumentert godt omsorgstilbod for eldre og pleie-trengjande. Dette må vidareførast og utviklast.
ØKONOMI OG NÆRINGSLIV
Det må i aukande grad fokuserast på at regulert næringsareal i bygdene blir tilrettelagt og utnytta. Eksisterande og nye verksemder må ha rammevilkår til nyetablering og vidareutvikling samstundes som at ein er bevisst på at dette ikkje skaper konflikt i høve til miljø og busetnad.
Bygdelista var med på å vedta økonomiplanen som gjeld fram til 2014, der eigedomsskatten inngår som ein del av inntektene. Formålet med eigedomsskatten er å styrke økonomien gjennom nedbetaling av gjeld. Eigedomsskatten skal ikkje gå til direkte dekking av driftskostnader. Bygdelista har ikkje eit prinsipielt standpunkt for eller mot eigedomsskatt, men behovet for denne må til ei kvar tid vera gjenstand for ei kritisk vurdering.