Det skjer i gymsalen på Bjoa skule onsdag 7. mars mellom kl 17.30 - 19.30.
Her er alle velkomne til å ta med sportsutstyr, leiker, spel, bøker, babyutstyr osv. osv. for å selja og/eller byta det bort. Musikkinnslag ved "Dugnadsgjengen".
Kvar enkelt person er ansvarleg for sine ting og pengane beheld du sjølv.
Merk varene tydeleg med namn og pris!
KAFÉ: med pølser, kaffi og kaker.
LYNLOTTERI: med fine gevinstar.
GAMLE MOBILTELEFONAR: kan leverast inn, og me sørgjer for levering til gjenbruk/trygg avfallshandetering.
13-års-laget i fotball står for arrangementet, og overskotet går til å reisa på fotballcup til sommaren.
Velkommen til ein triveleg ettermiddag der me slår mange gode formål i ein smekk!