Fredagar kl. 20:00 - 01:00. Baren er open til kl. 00:30.
Eg har eit ynskje om at det skal finnast ein stad på Bjoa som er open der venner kan treffast for ein kopp med noko varmt, eller ta eit glas vin over eit slag Trivial Pursuit eller kortspel. Nå finnest denne staden, så er det opp til oss alle å nytte oss av den...
- Ein stad som er open kvar fredag heile året.
- Ein stad å møtast for ein kopp kaffi, ei øl, eit glas vin, og kanskje noko attåt.
- Ein stad å samlast nye og gamle vener i lag.
- Ein stad å spele kort eller brettspel, eller lese aviser og magasiner eller ei god bok.
- Ein stad å høyre god musikk, også innimellom live-underhaldning.
- Ein stad å treffe andre menneske.
- Ein stad som er like koseleg gjennom alle årstidene.
Drøsestova Pub er husa i trivelige, moderniserte lokaler med historie og sjel ved gamle handelsstaden på Innbjoa Kai i Vindafjord Kommune. Næraste nabo til Joker-butikken.
Opningstider: Fredag 20.00 - 01.00
(Baren er open til 00.30)
Hugs kontanter, vi tek desverre ikkje bankkort.
Aldersgrense: 18 år
Gratis inngong.
FØRSTE PUBKVELD: FREDAG 2.OKTOBER.
Drøsestova sitt eige husband "The Husband" spelar nokre sett i anledning opninga.
Eg lovar god varm stemning med mykje stearinlys framover.
Blei du nysgjerrig? Kom innom då vel! Velkommen :)
Med helsing pubvert Ingvild Arianson.
Foto: Marit Eikehaugen