Foto:

Dugnad på Kjørebøhaugen, Utbjoa

Av: Kristian Resset 11.06.2008

Laurdag 21.06.08 kl. 11-16 blir det dugnad på Kjørebøhaugen ved bautasteinen på Utbjoa. Her skal vi lage fint til med leikeplass for ungane og rasteplass der folk kan møtast, drøse og sjå fjorden slik som før i tida.

For rundt 50 år sidan var Kjørebøhaugen samlingsplass for Utbjoa. Her står ein bauta til minne om Eidsvollsmennene, samt om dei fra Bjoa som deltok i krigen 1807 - 1814. Det var her folk frå Utbjoa kom saman til dømes på 17. mai. No er staden dels gjengrodd, men Harald Kjærland, som eig staden, har inngått avtale med Bjoa bygdeutviklingslag om å leige ut vederlagsfritt til leikeplass/samlingsplass i 10 år av gongen. Slik kan vi få ein plass her på Utbjoa å møtast, der vaksne kan setje seg ner og nyte utsikta, og borna kan leike.

Alle mellom 9 og 90 som kan og vil, stiller ved bautaen kl.11.00 til ein eller fleire av desse oppgåvene:

· Skogrydding
· Brenning av greiner
· Lage sandkasse
· Lage enkle benker og bord
· Setje opp gjerde langs vegen, og lage hol til flaggstanga.(om vi får tilgang til trykkbor)
· Bornepass
· Matlaging

Ta med det de har av utstyr for skogrydding, t.d motorsag, greinsaks, øks, hanskar osb. Dei som har kapp- og kløyveutstyr, stiller med dette, og om nokre har, eller kan få låne trykkbor, er dette flott (sei då ifrå til Sonja, tlf. 992 622 76). Det vert organisert felles bornepass i hagen i Oppistovo (Håvard og Katrina), der det og vert laga i stand dugnadsmat som inntas ca kl. 14.00 ved bautaen.
Det vi håper å få gjort denne dagen, er å rydde ein del av skogen, kappe og kløyve veden, som skal transporterast til Kjærland. Greinene freister vi å brenne etter kvart som dei vert kappa av. Av nokre av stammene skal det lagast sandkasse, og av andre bord og benk. Får vi tilgang til trykkbor, kan vi setje opp gjerde mot vegen, samt lage nytt hol til flaggstanga ved bautaen.

Dette ser vi fram til, og vi håper sjølvsagt at så mange som mogleg kan stille, for her er det som de ser mykje som skal gjerast. Og kan du ikkje den 21. så berre ta kontakt - det blir sikkert noko å pusle med vidare utover sommaren!

Foto: Kristian Resset. Bautasteinen på Kjørebøhaugen