Det var dugnad på Bjoa sitt idrettsanlegg laurdag 8. Mai. Der stilte ca 15 personar med alt frå grafse til 13 tonns gravemaskin. Her blei det gjort ein KJEMPEINNSATS.
Kantene rundt grasbanen blei retta og løpebanen skrapa rein for tuer og gras. Hoppegrop og hesteskobane rydda og gjort klar til 17. Mai. Ein god del tre og lyng som begynte å nerme seg grasbanen vart fjerna. Grasbanen er klypt og sprøyta mot ugras, så det ser virkelig presentabelt ut for brukerar, bygdefolk og forbipasserande. Dette er jo "inngangsdøra" til bygda. Vil i gjen få takke alle som stilte opp, TUSEN TAKK.
MVH Formann Bjoa Idrettslag Arnfinn Vølstad
Foto: Marit Eikehaugen. Potetplukking på 17. mai 2009