Vikestølshytta er eit flott turmål (eller delmål) for mange, med tilgong både frå Bjoa og Vikebygd.
Vedlikehaldet blir for det meste gjort på dugnad, og nå satsar me på å ha ein dugnad lørdag 1. mars.
Det er litt forskjellig arbeid som er planlagt gjort denne dagen, den største jobben er nok å hogge og kløyve ved.
Vidare skal ytterveggar vaskast for å klargjerast til maling, flaggstanga må pussast og malast, og inne er det litt å fikse opp i, møblar som må fiksast litt på osv.
Utover dette treng særleg vegen frå Bjoasida eit løft, men det er ein større jobb som me treng maskinar for å få gjort.
Om du er interessert i å vere med på å halde hytta og vegen vedlike, kan du gi ei melding til Jarle Sandsgård ved å fylle ut skjemaet under (kan også kontaktast på telefon).