Den årlege Vikestølsmarsjen blei arrangert på søndag, og som vanleg blei det trekt ut ein vinnar frå turboka i hytta. Premien er ein tursekk, og det er som regel ei enkel sak å finne vinnaren, men i år treng me litt hjelp.
Vinnaren har skrive seg inn i boka 18.08.2008 som besøkande nr 678, namnet er Renate Golm frå Cumlosen i Tyskland.
Av handskrifta ser det ut til at vinnaren har hatt følge av Michelle Anne Scmidth Myke fra 14379 Ludwig.... (resten var litt vanskeleg å tyde)
Er det nokon som veit kven vinnaren kan vere?
I så fall, ver vennleg og ta kontakt med Jarle Sandsgård i Vikestølsnemnda, jarle@sandsgard.no
Foto: Jarle Sandsgård. Premien som saknar eigaren sin.