Bjoa Il, Orienteringsgruppa startar opp med familietrim (haustsesong) på Bjoa Skule f.k. tysdag 29. sept. kl 1830 til 2000.
Me satsar på at flest mogeleg tek seg ein liten joggetur eller liknande som oppvarming den første halvtimen, så ein halvtime med god gamaldags stasjonstrening (styrketrening) og til slutt siste halvtimen felles ballspel etter ynskje.
Det plar vera mange ungdomar som er med, men dette er også for:
40- åringar (og eldre) med stive kne, er mindre ledug i skrotten, har nedsegen brøstkasse, vorten meir og meir hjulbeint, tynnare i håret, Hawaiiskjorta er vorten romslegare i overarmane (eller?) og som tykkjer kjellartrappa er meir enn nok. Alt dette kan truleg rettast på med litt allsidig trening. Innsats etter eigen form. Det merkast å friska på muskelgruppene litt og formen er heilt sikkert betre når juleferien tek til!
Som sagt er trimmen for heile familien, men barn under 10 år må ha ein vaksen med seg. Dette er eit tilbod til heile Bjoa-bygda, ikkje berre for o-gruppa, men for alle som klarar å løfta seg ut av godstolen ved eiga hjelp.
Foto: Elin Arianson