Foto:

Fellestur til Gråhorgjo

Av: Liv-Kari Bødtker 16.09.2008

Hausten er ei flott tid for å gå i fjellet, og søndag inviterer Bjoa 4H medlemer med foreldre og søsken og alle andre som har lyst å vera med til tur på Gråhorgjo (742 m.o.h.).

Dette skal vera ein lett tur i eit tempo slik at alle skal klara følgja med. Det er mange bjoabuar som ALDRI har vore på Gråhorgjo, og det må me gjera noko med!

Me møtest på parkeringsplassen øvst i vegen over Kolbeinshauglia (skogsvegen opp frå Eikåsbrua) klokka elleve. Då har me "juksa litt" og tatt store delar av stigninga i bil. Herifrå følgjer me vegen og stien oppover Gråhorgjo. Første partiet opp skogen er litt bratt, men etter eit lite stykke er me over tregrensa og terrenget flatar meir ut medan me kan nyta utsikta over Eikås og Dalsbruket. Me går mot varden heilt på toppen først, der me har ei fantastisk utsikt over store delar av Sunnhordland og litt av Nord-Rogaland. Etterpå legg me turen ned til Krokavatnet og hytta der. Ta med god niste og for dei barskaste er det kanskje aktuelt med badetøy?

Ned igjen kan det vera aktuelt å dela gruppa (viss fleire vaksne er med). Då kan nokon gå ned via Roaldskar og komma ned til Bjoavatnet og reinseanlegget på Leite, medan nokre andre går tilbake til bilane. Etter eit par våte dagar midt i veka, melder yr.no om lettare vær med solgløtt mot helga og Bjoa 4H ønskjer alle velkomne til ein flott søndag til fjells!

Foto: Arthur Lind.