Søndag inviterer Bjoa 4H igjen til felles fjelltur til Gråhorgjo. Og Yr.no lovar strålande sol og flott haustvèr!
Turen startar frå P-plassen på toppen av skogsvegen over til Ølensvåg kl 11.00.
Dei som ønskjer, kan kjøra opp dit, og dermed har du tatt mykje av stigninga og turen vidare blir Gråhorgjo-light-versjonen. Etter ei bratt kneike er me raskt over tregrensa og vidare innover og oppover er turen rimeleg lett å gå i snaufjellet. Me går over varden og ned til hytta ved Krokavatnet der me nyt medbragt niste. Me tar med nokre eingongsgrillar så det blir mulig å "svi" seg ei pølse e.l. for dei som vil.
Ned igjen er det ein god idè å gå via Roaldskar og ned til Bjoavatnet for å nyta utsikta over bygda og sjøen. Dette krever litt planelgging av transport som de må ordna sjølv. Me sørger for kjendsfolk til å følgja ned igjen både til Kolbeinshauglio og Bjoavatnet.
Vel møtt til ein flott dag til fjells!! Oppfordrar SÆRLEG 4H-medlemer med familie å vera med!
Arkivfoto: Øyvind Oland