Foto:

Finnarløn

Av: Torgeir Sandsgård 17.11.2009

Tusen takk til deg som fann lommeboka mi, og la ho ein plass der ho kom til rette etter nokre dagar. Gode gjerningar skal belønast! Men finnarløn skal ein vel ikkje ta seg sjølv?

Etter denne og liknande hendingar har eg ein god evne til å tenka meg tilbake til kvar og når. Som denne gongen hjalp meg fram til kvar og når lommeboka vart mista.

Finnarløn skal du få, men ikkje ratt så mykje som det du har tatt. Du skal få 20-25% (1500 kr. dersom det er lettare å forstå). Send resten til meg i posten. Myntane kan du behalde.

Hugs! Bjoa er ikkje store plassen. Alltid nokon som får med seg meir enn dei burde. Du er delvis ringa inn, men eg må sjekka ut litt meir informasjon. Finn eg svaret før pengane, kjem du til å ynskja deg at gapestokken framleis var den verste straffa ein kunne tenka seg.

Beste helsing

Torgeir Sandsgård

Foto: Marit Eikehaugen