Foto:

Før snøen og glatto kjeme

Av: Mr B  05.11.2009

Har ein maskin ståanes på nersio av huset eg skulle ha blitt kvitt.

Det e ein sånn ein så de har på kjøkenet og kobla vatn på så kjerringane bruke te å setta sjetne fat og koppar inni, ja gafflar og knivar og trur eg. Trur ikkje hu har brokt han te kler eller dyr, men det går kanskje det og? Så e det te å vri og trykka på nåken knappar så greiene starta - å itte ei stund med risting og during - så komme det ut reint og fint.

Han er nåken år, men eg meiner at han er heilt i orden sjøl om kjerringo meine nåke aent. Eg antar at hu ville ha ny for det at det va feil farge på an. Han e blå i fronten, men eg trur det er eit deksel som kan takast av og at han då er kvit. Vett ikkje ka merke det e men kan det vere Bosch? Kan og vere Elektrolux eller kanskje noke heilt aent. Va iallefall et kjent merke. Eg vett ikkje så møkje om an for eg har aldri brokt an, og det kjeme eg aldri te å gjera heller.

Det e ganske bratt opp te veien så han bør hentast før snøen og glatto kjeme og kjerringane får problemer med å bera maskina opp te veien uten å gå på trynet å risikera å skade maskina.

Foto: Marit Eikehaugen. Ved nevnte vei.