Førjulskos på Drøsestova, åpent til kl 19.30.
Fredag den 30. november lagar me til litt førjulskos på drøsestova.
Då kan du få kjøpa graut, saft, vaffler, pepparkaker, og kaffi frå vår nye kaffimaskin med b.l.a Cafè au lait, cappucino, sjokolade og espresso sjokolade.
Vi har òg satt fram våre julevarer, så her er det muligt å fornya julepynten, eller for dei minste er det mange fine julegåver å kjøpa til mamma og pappa, eller besteforeldrer.
Butikken har ellers mange gode juletilbud, og denne dagen har me åpent til kl 19.30. Så ta helgehandelen hos oss og slapp av på Drøsestova etterpå med ein tallerk graut om du vil!
Helsing Kåre og jentene.
Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Bordsetting i Drøsestova.