Det blir FORUT-basar i Bjoa barnehage torsdag 23. oktober kl. 16.00 - 18.00.
Me har fylgt Omis 8 år frå Nepal i ei veke nå. Me har i denne tida blitt litt kjent med landet Nepal, med Omis sjølv og korleis han lever med venene sine på barnehjemmet i Katmandu.
I denne aksjonen skal overskuddet blant anna gå til å sørgje for tryggleik for fleire barn i Katmandu, og til utviklingsprosjekter på landsbygdene I Nepal.
På vår basar bli det høve til å kjøpe seg ein kopp kaffi, ein matbit, eller eit kakestykke med meir.
Det er salgsboder der me sel ting me har fått frå Nepal og også litt sjølvlaga ting. Me skal ha eit lynlotteri der ein ser med ein gong om ein har vunne.