Foto:

Frå åtte til seks sokn i Vindafjord?

Av: Kristian Resset 30.03.2014


Etter gudstenesta i Bjoa kyrkje sundag 6. april blir det ei orientering om arbeidet med ny soknestruktur. Tysdag 22. april kl 19.30 blir det soknemøte i kyrkja med grundig gjennomgang og avstemming. Leiar for utvalet som har sett på soknestrukturen, Ottar Krakk, har laga denne informasjonen om saka.

Fellesmøtet for alle sokneråda sette i 2012 ned ei gruppe som skulle vurdera om det kunne vera tenleg med samanslåingar av sokn i kommunen. Dei undersøkte og vurderte, og alle sokneråda har i etterkant handsama spørsmålet.

Sokneråda i Bjoa og Ølen, og sokneråda i Vikebygd og Skjold, har vedteke at dei vil gå vidare i eit formalisert samarbeid. I april og mai er soknemøta i desse fire sokna invitert til å bestemma om sokna skal søkja om ei forsøksordning kor Vikebygd/Skjold og Bjoa/Ølen har felles sokneråd i perioden 2016-2020.

Det ligg då i korta at dersom forsøket blir vurdert som vellukka søkjer ein om samanslåing av sokna frå 2020, men dette blir det nye soknemøte som avgjer i 2019.

Når sokneråda går inn for dette så er det i erkjenning av at det kan vera fornuftig å samkøyra administrativt arbeid og at det ikkje alltid er like lett å få gjort alle oppgåvene i små sokn.

Vindafjord har i dag åtte sokn, det same som Karmøy med sine 40.000 innbyggarar har, Haugesund har til samanlikning tre sokn. Det er mange oppgåver som skal utførast, og berre det å ha nok viljuge folk som vil stilla til val i råda har nokre gonger vore vanskeleg.

Sokneråda planlegg dette slik at ein samordnar ulike administrative oppgåver, ein planlegg også å samordna og planlegga dåpsopplæringstiltak saman, men gjennomføra desse i kvar bygd. Det kan også vera aktuelt at sokneråda har undergrupper som har eit særleg ansvar for kvart kyrkjebygg og kyrkjegard, sjølv om dette er fellesrådet sitt ansvar.

Det er viktig å få fram at det ikkje blir endring i talet på gudstenester i kvar kyrkje med denne endringa, det blir planlagt slik at det framleis skal vera dei gudstenestene som det er i dag. Sokneråda har også klare forventningar om at dei lokale tradisjonane som er i gudstenestelivet skal takast vare på og fortsetja.

Reint praktisk søkjer ein om ei forsøksordning kor kvart sokn ved valet i 2015 vel sine representantar til eit felles sokneråd, 3 frå Bjoa og 5 frå Ølen i deira sokneråd, 3 frå Vikebygd og 5 frå Skjold i deira sokneråd. (Skulle dette vore ei fast ordning med eit sokn, ville det ikkje vore høve til å stilla lister som berre medlemmene i eit geografisk område kunne stemma på.)

Heile perioden driv ein så som eit sokneråd, og med dei underkomiteane som soknerådet finn fornuftig. Det vil i perioden vera felles økonomi og felles soknerådsleiar.

Korleis dette er tenkt reint praktisk vil sokneråda orientera om på soknemøta som blir på desse tidspunkta:

- Bjoa: Bjoa kyrkje, 22.april klokka 19.30
- Vikebygd: Vikebygd kyrkje, 29. april klokka 19.30
- Skjold: Skjold kyrkje, 6. mai klokka 20.00
- Ølen: 18. mai etter gudstenesta

Det blir også på desse møta sjølve avstemminga vil skje, og spørsmålet vil då vera:
Skal sokna søkja om forsøksordning kor fleire sokn blir leia av eitt felles sokneråd i neste valperiode?

Sokneråda oppmodar medlemmene i kyrkja til å møta opp på soknemøtet!

Illustrasjonsfoto: Marit Eikehaugen - Bjoa kyrkje