Før arbeidet på ny veg til stranda blir starta er BBU i ferd med å avslutte dugnadsprosjektet for å gi universell tilgang til hytta.
Arbeidet er gjennomført med økonomisk støtte frå SR-Bank i Ølen sitt fond og med dugnad frå BBU og 4H. Sverre T. Erlandsen har gjort nødvendige endringar i strauminntaket medan Einar Solheim har hjelpt til med plassering av ny dør.
Den nye inngangen har brei rampe og løysninga gjev ein lun og tørr terrasse der det før var ganske rått og vått. Sigfred Tveit/Tveit Maskin har renska gangvegen bort til hytta og vil gjere ei mindre utviding av denne når vegprosjektet til stranda kjem i gong.
Foto: Nils Reimers