Foto:

"Golden Classics" i Drøsestova laurdag 21. november

Av: Ingvild Arianson 16.11.2009
Ekstra pubkveld i Drøsestova: laurdag 21. november kjem MIND THE GAP til Bjoa med eit knippe låtar dei sjølv kallar "golden classics".
Haugesundsbandet MIND THE GAP spelar god musikk: ei blanding av låtar frå 60-talet og fram til i dag. Fin musikk å lytte til, med muligheter for ein dans og to!
Dørene opnar kl.20.00.

Mind The Gap spelar frå klokka 21.00 - så kom deg avgårde til puben i tide!
Baren byr på eit godt og variert utval av øl-sortar, vin for ein kvar smak, mykje godt alkoholfritt. Elles god snacks som f.eks varme nachos med dip.

Merk: Kun kontant betaling. Cc: 50,-
Aldersgrense 18 år - hugs legitimasjon.

Velkommen til ein triveleg laurdagskveld!

NB: Fredagspuben er open som vanleg kvar fredag fra kl 20.00 - 01.00. Arrangementskalender for resten av året i Drøsestova Pub, finn du no i baren.
Foto: Ingvild Arianson: Frå LagerLyd i 2007, då Mind The Gap hadde med Siri Nesse som gjestevokalist.