Foto:

Hjertestartarkurs

Av: Kari Dommersnes 25.02.2010

Me har høyrt at fleire vil læra seg å bruka hjertestartaren og inviterer derfor til kurs 21. april. Påmelding innan 7. april.

Bjoa Helselag kjøpte i 2008 ein hjertestartar og arrangerte kurs for brukarar. Det var 10 stykke på kurs og seinare har to stykke blitt instruktørar. Me hadde nylig øving på Buo Landhandel for å friska opp kunnskapane.

Me har høyrt at fleire vil læra seg å bruka hjertestartaren og inviterer derfor til kurs. Kurset vert 21. april og Sparebank 1 SR-bank har lova å dekka utgiftene til kursmateriell!
Kurset vert difor GRATIS!

Me håpar difor at mange melder seg på, innan 7 april, slik at me kan få skaffa bøker og anna kursmateriell.

Me er ein trivelig gjeng som har øvingar nokre ganger i året og som ser det som viktig å kunna hjerte-lunge-redning og bruka hjertestartaren. Meld deg på til ein av oss som er godkjente brukarar:

John Karlsen tlf 47810641,
Lars Geir Dommersnes tlf 92224630,
Kari Dommersnes tlf 95216123,
Sonja Bjørknes tlf 99262276,
Kåre Nymark tlf 48036960,
Jarle Sandsgård tlf 91601676,
Bente Sandsgård tlf 97745716.

Me håpar at MANGE vil vera med på kurs!

Foto: Kari Dommersnes