Foto:

Husk å handle hjem

Av: Ingrid Marie Grønnestad 31.10.2012

Merkurprogrammet ynskjer å arbeide for at fleire skal hugse å handle i heimbygda si og at hyttefolk skal stø opp om butikken i den bygda der dei har hytte. Kvifor er butikken viktig?

Butikken er viktig fordi den er ein viktig samlingsplass i bygda og fordi den gjev oss tilgang på varer nær heimen, slik at me kan bu og trivast i bygdene våre.

Utan butikk vert bygda mindre attraktiv for folk som vil busetje seg der. Butikken kan ha positiv innverknad på framtidsutsiktene for ei bygd. Det vert meir attraktivt å bu i bygda når fleire sørvistilbod blir tilgjengeleg. For dei minst mobile i eit samfunn er butikken heilt naudsynt for at dei kan bu i bygda. Bruk din nærbutikk når du er ung, så blir den der når du er gamal og tung.

Meir bruk, gjev betre butikk. Om du nyttar butikken berre til det mest naudsynte vert det umogeleg å oppretthalde eit breitt utval av varer. Hugs å melde frå om du saknar noko.

Å handle 2 mil frå heimen kostar deg om lag kr. 10.000,. kvart år. Sjølv om varene i sentrum kan vere litt billegare vil du like vel ikkje klare å spare inn så mykje som 10.000,- på handle hjå store lavpriskjedar. Dessutan har nærbutikken ofte like gode tilbod som dei store butikkane.

Så i denne sammenhengen lager me til gratis vaffler og kaffi i drøsestova lørdag 3.nov.

Åpningstid: 09.00 - 17.00

Velkommen!

Foto: Marit Eikehaugen