I haust arrangerer Kjerringgarden eit INSPIRASJONSKURS for deg som gjerne vil laga kvardagsmiddagen med ein ny vri.
Middag er både godt og sunt, og middagen samlar familien rundt bordet. Men i ein travel kvardag kan det vera stress å ha ansvar for å laga ein både enkel og god middag. -Eller ein kan kjenna at ein etter mange år med ansvar for middagslaginga har stivna i eit repertoar, og kan trenga til litt fornying.
Dette kurset blir halde ei kveldsstund, der du får læra nokre middagsrettar ved å sjå, lukta og smaka. Du får sjølvsagt også oppskrifter med deg heim. Det kjem til å handla om både fisk, kjøt, og grønsaker. Det er eit poeng at maten skal vera lett og rask å laga, ingrediensane lette å få tak i, og at det skal smaka godt.
KURSHALDAR: Elin Arianson KURSSTAD: Kjerringgarden TID: Tysdag 29. september, kl. 18.00-22.00 PRIS: 600,- pr. person
Er dette noko for deg? Meld deg på til Kjerringgarden innan onsdag 23. september. Ingrid Johannessen, tlf: 53769993
Foto: Marit Eikehaugen. Kjerringgardens eget urtesmør