Sundag 12. juni er det påny idrettsdag ved Bjoa stadion. Me byrjer kl 11.30 med oppvisning frå Taekwondo-gruppa og programmet varar fram til ca. kl 16.00.
Program:
11.30 Oppvisning Taekwondo
12.00 60-meter
13.00 Parallelle aktivitetar og sal av grillmat startar
- Orientering
- Kast med liten ball
- Lengde
- Fotballaktivitet
14.30 Terrengløp (3 løyper med ulik lengde)
15.30 Fotballkamp
Det er meldt godt vær, så her er det berre å ta med heile familien til ein kjekk idrettsdag!