Laurdag 20. desember 2008 er det endeleg klart for konsert med lokale artistar i Bjoa Kyrkje. Dei som har vore på julekonsert med oss før, veit at dette er ei fin anledning til å ta ein pust i bakken og oppleve god stemning!
I år opptrer Lars Schlanbusch, Bjørn Johannessen, Eli Sandsgård, Mildrid Arianson, Ingvild Arianson, Karl Olav Gjerde og Happy Four. Programmet er variert med mykje fin julemusikk. Det vert også innslag som ikkje direkte er julesongar, men som passar godt i dette høvet.
Billettar kan framleis kjøpast hos Joker Bjoa og Statoil Ølensvåg. Resten av billettane vert seld ved inngong.
Prisar: Vaksen 100,- Born 50,- Familie 250,-
Velkommen!
Foto: Marit Eikehaugen