Velkommen til Julemarknad i Marknadshallen på Bjoa, laurdag 12. desember
kl. 10:00 - 15:00.
Vi inviterer til gammaldags julestemning med høve til å handle julemat, julepynt, julegåver, juletre. Her finn du mykje gode, tradisjonsrike og lokalproduserte varer.
Drøsestovo er julepynta. Her kan du kjøpa julegraut, betasuppe, kaffi, julegløgg, Bjoakaker og endå noko meir.
Gå ikkje glipp av loddsalget med mange fine gevinster gitt av torghandlarane. Du kan også vinna ei fin fruktkorg dersom du klarar å tippa rett vekt.
Luciatog med barn frå barnehagen.
Mykje fint handarbeid finn du også i ”Gamle posten” på kaien.
På Buo Landhandel finn du gode juletilbod og godt utval i juleblomar.
Kåring av bygdas finaste pepperkakehus!
Pepperkakehusa blir stilt ut i Marknadhallen på Julemarknaden.
Velkommen til triveleg julestemning
Arrangert av Bjoa Bygdeutviklingslag i samarbeid med Joker Bjoa (Bjoa Landhandel)
Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Mariann Hettervik og Grethe Haga.