Konkurranse om kven som lagar det finaste peparkakehuset.
For nokre dagar sidan var eg rundt i klassane på Bjoa skule og i barnehagen og inviterte til bygging av peparkakehus. Husa skal stillast ut i marknadshallen, og ein jury skal avgjerda kven som har laga det finaste huset.
Responsen hos elevane var god, men dei treng nok hjelparar heime. Dette er ei oppmoding til dei vaksne om å delta i prosjektet, og melde seg på til underteikna (91181113) innan 5. des.
Dei ferdige husa skal leverast i marknadshallen kl. 10:00 den 12. des.
Når juryen har sagt sitt og premieutdelinga er ferdig kan husa fraktast heim att.
Nils Terje Oma - Sjef for peparkakehusprosjektet 2009 på Bjoa.
Foto: henta frå Høgskulen i Telemark.