Velkommen til Julemarknad i Marknadshallen på Bjoa laurdag 11. desember kl. 10:00 - 15:00. Med kåring av bygdas finaste pepperkakehus!
Pepperkakehusa blir stilt ut i Marknadhallen på Julemarknaden.
Vi inviterer til gammaldags julestemning med høve til å handle julemat, julepynt, julegåver, juletre. . . . Her finn du mykje gode, tradisjonsrike og lokalproduserte varer. I år vil du finna varer frå følgjande tilbyderar :
Saft og syltetøy frå Bjoa Bær, Bjoa
Julekaker v/9. klassingar frå Bjoa
Te, urter, krydder, kremar, såper m.m. frå Kjerringgarden, Bjoa
Toving og strikk v/ Erna Tindeland, Vikebygd
Småkaker og nissar frå Suldal v/Kari Mehus
Skjerf frå Hege Schlanbusch, Bjoa
Treprodukt frå Alfred S. Lie, Sveio
Kransar og gravpynt v/ Bjørg H.Bakke, Ølen Blomster
Juletre og pyntegrønt frå Ole Vasstrand, Bjoa
Tupperware v/ Cecilie Tønnessen
Heimelaga juleartiklar og handarbeid frå Dill & Dall v/Trine Sørensen m.fl., Bjoa
Juleartiklar frå To Humler i Ølen
v/ Vigdis Svendsbø og Oddrun Kolstad
Kristtorn v/Bjoa 4H, Bjoa
Fisk og lefser v/Vally Mileteig, Halsnøy
Spekemat v/Åkrafjordtunet
Drøsestovo er julepynta. Her kan du kjøpa julegraut, betasuppe, kaffi, julegløgg, Bjoakaker og endå noko meir . . .
Gå ikkje glipp av loddsalget med mange fine gevinster gitt av torghandlarane. Du kan også vinna ei fin fruktkorg dersom du klarar å tippa rett vekt…
Mykje fint handarbeid finn du også i ”Gamle posten” på kaien.
På Buo Landhandel finn du gode juletilbod og godt utval i juleblomar.
Kåring av bygdas finaste pepperkakehus! Pepperkakehusa blir stilt ut i Marknadhallen på Julemarknaden.
Velkommen til triveleg julestemning!
Arrangert av Bjoa Bygdeutviklingslag i samarbeid med Buo Landhandel, Joker Bjoa.
Foto: Marit Eikehaugen