57 små og store bjoabuar deltok på ryddedugnaden på Romsa 22. mai.
Me vil takka alle som deltok, for eit imponerande oppmøte og ein strålande innsats i samband med ryddejobben. At så mange deltok, gjorde at det vart samla inn rundt 130 sekker boss i tillegg til mykje anna "skrot".
Romsa har nå fått ein "ansiktsløftning" som mange vil merke seg og setje pris på! I tillegg får fotballgruppa, 4H, båtlaget og musikkverkstaden nokre kroner ekstra å rutte med!
Godt jobba!
Helsing Arr.kommiteen.
Arkivfoto: Marit Eikehaugen. En fornøyd Kenneth Knutsen i Gammelhamn på Romsa hilser Bjoanetts lesere.