Tenkte berre eg måtte skriva inn kor kjekkt det var på dansen i marknadshallen!!
Det var tre personar frå Kvinnherad/Stord som spelte. Dei kan berre beskrivast med eit ord: FANTASTISK BRA!!!
Dei spelte alt frå Salhusvinskvetten (nåke som var utruligt likt orginalen) Vamp, Bruce Springsteen og Mods, ja til "Blue Hawai". Dei er kjent frå revyen på Stord, nåke som viste igjen mellom kvar sang.
Det som var synd, var at det var lite folk som fekk høyra desse to karane, og dama, som forøvrig hadde ei utruleg stemma hu òg.
Fotballgruppa imponerte med bakt potet denne gongen, og den var god!!, nett så i byn!! Så takk til Bente og Anne-Brith som lagde det til. Det vart nok eit underskot denne gongen, men det får me ta med.
Stemningen var heilt på topp heile kvelden og gruppa var veldig godt fornøyd. Dei syns at publikum hadde vore heilt fantastiske og dei kunne godt tenkja seg å komma igjen ein annan gong.
Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Fra et tidligere arr. i Marknadshallen