Nyttårsafta kl. 11.00 kåra me årets kjørkjenutar i surt ver, men det betydde ingen ting. Årets nutar 2012 vart ferjeskipper Eivind Gangstø frå Bjoa.
Eivind likar godt å gå i skog og mark, og dette året var han den som hadde flest turar på Kjørkjenuten. Me gratulerar Eivind.
I tillegg trekte me ut fleire vinnarar av dei som hadde skreve seg inn i boka og desse fekk premiar.
Året 2012 var det 698 som hadde skreve seg inn i boka og dette er fantastisk. Målet med dette tiltaket er nettopp å få flest mulig av oss ut i naturen og då er det gledeleg at så mange tar turen opp til Kjørkjenuten.
Nå er det ny bok og ein ny sesong er klar, så nå håpar me på at endo fleire finn veien til nuten i 2013.
Me ynskjer alle eit Godt Nytt År!
Kjørkjenutens venner
Foto: Kjartan Innbjo