Foto:

Klimadebatten

Av: Mr.B  20.02.2010
Tykkjer det var interessant å følgje med i klimadebatten som "Knoll og Tott" drog i gang på Bjoanett. Har difor venta i spaning på neste innlegg som førebels har lete vente på seg.
Eg er ikkje tvil om at den viktige debatten her på Bjoanett har sett i gang djupe tankeprosessar i heile det norske folk, men "timingen" er diverre noko uheldig. Aktørane - som tydeleg er engasjert i aktivitetar som til dømes gjærbakst og brannfakkelkasting - er sjølv kanskje for tida opptekne av OL?

Når det gjeld OL så har eg ikkje så møkje peiling, men eg får jo med meg at snottete norske idrettsheltar så har brukt like møkje tid av livet sitt på bakglatte ski i skauen så ei vanleg husmor bruke på å lera seg å parkera sånn nåkenlunde innforbi dei kvite stripene - såvidt klare å berga 42. plassen. Ikkje verst.

Så til saka: Det er faktisk slik at eg sit med svaret på klimaproblema, eller rettare sagt veit alt om årsaka til desse. Det er slik at det gjennom millionar av år alltid har vore variasjonar og at klimaet har endra karakteristikk uansett kva folk har stappa i eksosanlegget. Denne gongen trur eg faktisk at det kalde klimaet kan skuldast alkoholpolitikken til Bondevik. Når brennevin blir dyrt så tyr naturlegvis vanlege lønsmottakarar og trygda bønder til alternativet. Traktorkjøyring utgjer marginalt i denne samanheng, den brukar bøndene berre når dei skal i posten å henta trygda eller tilskot til eit eller anna påfunn. Nei - gjærbakst er eit nøkkelord her.

Det va ein kar innanføre så ville sikre julestemninga utan at heile budsjettet sko ryka og såg seg nøydd te å gå i fjosen og fyre i gong prosessanlegget sitt her i desember. Itte det så byrja det å snø og temperaturen sank brått med 20 grader onna normalen for årstida.
Det er jo heilt forståeligt det når han drar i gong eit dobbeltverkande 4 toms rustfritt og tjuvkobla anlegg med energibehov på størrelse med eit vulkanutbrudd.

Høyrde at generatorane på Kårstø knelte og at Statoil fekk leveringsproblem til kontinentet når etterkjølaren sprakk då bonden i halvørsko la inn tredje trinnet på apparatet sitt. I Oslo vart det så kaldt at Brynjar Meling gjekk med strikkahua å Krekar vurderte å flytte tilbake til Irak. Men så blei det jaggu bra greier. 95 prosent og nesten ikkje fuselsmak. Då får me heller leva med ein ny istid, svineinfluensa, Krekar og auka miljøavgift.

Avsluttningsvis må eg sei meg imponerte av bibelkunnskapen til debattantane, kunne aldri førestillt meg at folk i Apalvik hadde såpass innsikt i den Lutherske lære. Nå har eg ikkje fått sjekka referansepunkta, men eg kan diverre ikkje finna bibelen min i farten.

Mr.B

Foto: Marit Eikehaugen