Foto:

Klimaendring

Av: Torgeir Sandsgård 13.02.2010

"Dersom me ikkje gjere noko med miljø går alt gale. Me druknar, svelt i hjel eller tørkar inn. Det er enno ikkje for seint å snu, men me må få inn meir penger til vår organisasjon."

Ja. Vinteren i år er lengre enn på lenge, men Oldemor og Oldefar som har levd lengst, trøstar sine barnebarn og oldebarn med at det var sånn i gamledagar og. For trøst treng dei!

No har "miljøekspertane" og rådgjeverane til kun 1750 kr/ time fått varmen i kroppen igjen og skuldar den kalde vinteren på oss uduglige miljøsvin som forurensar alt rundt oss. Men tonen er - litt etter været - ein annan. Nå skal me ikkje lengre drukna pga. at havet stig, men frysa i hel. Dette snakka me om tidlegare i vinter, med veddemål om kva tid dommedagsprofetane igjen kom på banen og med kva budskap. Eg tapte fordi eg var så dum å tru at dei verste ekspertane ville halde seg i ro til litt ut på hausten.

Å skape frykt, spesielt for barn og unge, er effektivt for å oppnå støtte til miljøkampen. Me andre går og i fella og betaler miljøavgift til staten utan å protestere.

Til alle barn og vaksne, ikke ver redde, snakk med bestefar eller oldemor, skru av lyset og ikkje kjør meir moped og bil enn nødvendig så går det bra. Dåke treng ikkje få dårlig samvittighet dersom miljøorganisasjonane kaller dåke for miljøsvin når dei får nei til sine innsamlingar. Desse pengene når ikkje stort lengre en til organisasjonanes faste utgifter, som løn, båtar, bilar etc.

Foto: Marit Eikehaugen. Tysk vinterlandskap