Høyringsutspel får fast plass på Buo.
Bygdeutviklingslaget har og funksjon som grendeutval. I samband med dette får laget tilsendt høyringsutspel frå administrasjonen. Spesiellt i saker knyta til infrastruktur. For at desse utspela skal kome ut til innbyggerane i grenda er det no plassert ein "høyringsboks" for desse dokumenta sentralt på Buo. Dokumenta blir tatt ut etter kvart som høyringsfristane fell.
Foto: Nils Reimers