Det var ny rekord med anløp på nuten dette året, i alt 279 personar.
Kjempebra og gledeleg at så mange beskuer den fine plassen. Nyttårsafta kl. 11.00 om formiddagen kåra me årets Kjørkjenutar.
Det var heile 10 fremmøtte på nuten og overvar kåringa med kaffe og kos i det fine solskinnet. Kristin Helleland var den som hadde flest anløp på nuten dette året og mottok eit gavekort gitt av Bjoa Helselag. Tusen takk til Helselaget og gratulerer til Kristin! Hilde Pedersen kom like bak!
Det vert også ryggsekk til Heidi Frøvik og kaps til Gunnar Norenes,
gitt av Sparebank 1 SR Bank Ølen. Konfekt til Bjørg Hetland.
Me satsar friskt også i det nye året og håpar enda fleire tar denne
turen, både for trimmens skuld og for å nyta frisk luft og ein fantastisk utsikt. Lykke til og god tur til alle!
Tilslutt vil me ønskja alle eit Godt Nytt ÅR !
Kjørkjnutens venner
Foto: Kjartan Innbjo. Strålende utsikt mot østre delen av Grønnevik, Sabøen, Apalvik, Romsaøyene og Etnefjella.