Foto:

Mann av huse for Buo og Roy Erik

Av: Nils Reimers 24.10.2014

Full sal på Bjoa Bygdeutviklingslag sitt årsmøte blei ein manifestasjon av bygdefolket og bygda sitt behov for butikk.

Sidan Buo blei stengt i vår har mange håpa på at det skulle ordne seg sjølv med butikken, men etter sommaren har det blitt klart at det må sterkare lut til for å få på plass ny drift.

Det store frammøtet på årsmøte blei ein manifestasjon av bygdefolket og bygda sin vilje til å få til ein butikk. Salen peika på at «utan butikk får bygda ingenting att frå hyttefelta» og «utan butikken blir Bjoa ein avkrok med billige tomter».

Årsmøtet vedtok å flytte butikk på Buo øvst på dagsordenen til BBU - og behalde den der inntil det ordnar seg. I same årsmøte blei Roy Erik Hetland vald til ny formann og med seg som nye inn i styret fekk han Odd Johannes Lien og Thomas Alvseike. Alle undergrupper av laget held fram som før.

Foto: Ådne Ådnesen, Bondevennen