Foto:

Millionar til Bjoa?

Av: Kristian Resset 11.05.2001
No er Buo kobla på Norsk Tipping på Hamar. Allereie frå første kontakt via telenettet, sto folket klar til å legge inn nokre kroner - som kanskje kan vendast til millionar?
Med on-line tipping på Buo har vi fått enda eit tilbod som gjer at ein ikkje treng å reise utanbygds for å få det ein er på jakt etter. Sidan starten i 1946 har Norsk Tipping stadig utvikla tilbodet sitt til spelehungrige nordmenn.

For dei som har tippa nokre år, vil ein nok hugse korleis det var med innlevering onsdag før kvar tipperunde slik at kommisjonæren kunne rekke å få sendt innleverte kupongar med posten.
Med dagens on-linesystem kan ein tippe Lotto, Viking-Lotto, Tipping, Extra og Joker mest heilt fram til kampen starter eller trekninga skal foregå. Det er kjekt, særleg for oss som bor i strøk der postgangen frå den eine kanten av landet til den andre går via eit utal ledd og transportmiddel.

Så står det berre att å sjå om Bjoabuen er glad nok i tippespel til at Norsk Tipping blir nøgd med omsetninga på Buo. Kanskje dukker det opp nokre nye tippelag rundt om på Bjoalandet?