Foto:

Mosjonsgruppa

Av: Dagfinn Knutsen 20.12.2008
Hei alle sambygdingar! I Joletida er det ein tendens til at ein feita seg opp eindel, med mykje god mat og drikke.
I januar, Februar og Mars starte 4H opp med Vintertrimm ein gong i måneden (kjem meir info om dette seinare). Derfor tenkte eg at det er på tide at ein kanskje vil/bør lea seg litt etter Jul.

Det eg tenkte, var at vist me var ein gjeng som samlast ein gong i veko opp med ishuset, og tok ein gåtur eller jogga for dei som føler for det. Ikkje noko meir organisert enn at ein tar med kjøteren eller kjerringo/gubben, eller det ein føler for å dra med seg, i det tempo ein orka den dagen. Men ein treng kanskje eit SPARK bak for å komme seg ut litt.

Første kveld er Osdag 07.01.09 kl 20.00.

Få arselet opp av sofaen og møt opp, desto fleire som kjem jo triveligare vert det. HUSK REFLEX og Hodelykt.

Helsing Dagfinn Knutsen

Foto: Marit Eikehaugen. Fra Bjoanetts fotoarkiv hentes trimdamene, Elin Samland, Kristin Helleland og Reidun Østenstad.