Foto:

Møtte sommaren i Gardavikjo

Av: Nils Reimers 23.06.2013

Bjoa barnehage fekk klaff med veret på overnatting i Gardavikjo som no blir oppgradert.

Bjoa Barnehage sin S-Klubb (dei som skal på skulen neste år) var på overnatting på hytta i Gardavikjo siste veke og fekk med seg mange gode sommarminne derifrå.

Oppgraderinga i Gardavikjo som no er igong skal gjere at hytta, hagen og til slutt badeplassen skal få betre tilgong og tryggleik. Området har aukande popularitet både for bading og fisking og tiltaka skal gje høgare ålmen bruksverdi. Arbeidet foregår i regi av bygdeutviklingslaget med støtte frå SR-Bank i Ølen og kommunen. Friluftsrådet Vest er og sentral ved at dei held hage og brygger i orden. Friluftsrådet hadde i år tatt eit ekstra tak på både hage og toalettanlegget som alt var klart før barnehagen kom på tur.