Bjoa o-gruppe inviterer til Grannarmeisterskap og nærløp tysdag 8. juni. Frammøte: Kolbeinshauglia.
Ta av frå riksveg 543 på Innbjoa mot Dalsbruket. Følg så vegen innover dalen til Eikås. Ved Eikåsbrua tek ein av til venstre oppover ein skogsveg. Parkering ca 500 meter oppover. 5 min å gå til samlingsplass og start.
Start:
I tidsrommet frå 18.00-19.00. Det blir ikkje sett opp starttider.
Løyper/klassar:
Nybyrjarløype: ca 1,6 km: D/H 10-12, D/H 13-14
Lett kortløype: 2,0 km: D/H: 15-16, H 17 N
Kort løype: 2,5 km: Meisterskapsklassar: D 35, D 45, D 55, H 55 og H 65
Mellom: 3,1 km: H 17 B, H 15-16, H 35, H 45, D 17
Lang: 4,0 km: H 17
Kart: Kolbeinshauglia, 2006
Terreng: Skråli og myr.
Løypeleggjar og løpsansvarlege: Geir Tveide og Torunn Hetland
Alle løypelengdene er omtrentlege.
Det blir servert løpardrikke ved innkomst. Grunna skogbrannfare legg me ikkje opp til grilling etter løpet.
Med helsing Bjoa o-gruppe, ved Torunn Hetland
Foto: Torunn Hetland. Turgåarar i Kolbeinshauglia.