Foto:

NO ER TIDA INNE FOR LITT JULE-HÄNDEL

Av: Sonja Bjørknes 16.11.2010

Alle som kan syngje "Alle fugler små de er" nokonlunde reint, vert herved oppmoda om (nærast kallt inn til) å møte opp på øving til eit kor-innslag på julekonserten i Bjoa Kyrkje 22. desember.

Innslaget (som tek ca 3,5 min å framføre) er intet mindre enn "Hallaluja"- satsen frå Händels "Messias"! Ja, du las rett. Ei utfordring, men gjennomførbart. Du må ikkje kunne noter, du lærer stemma di på øvinga. I tillegg ligg det øve-filer ute på internett, slik at du kan klikke på t.d alt-stemma, og då vert denne spela for deg på piano så du kan syngje til. Må du terpe på noko, spolar du berre attende så mange gonger du treng. Ein kan og brenne det over på cd, og øve i bilen o.l.

Dette musikkstykket er kanskje verdas mest kjente kor-sats, og det skal helst framførast med mykje fynd og klem. Difor er det viktig at vi vert mange, for då tør alle å syngje høgt. Blir det bra, kan dette fort bli ei tradisjon. Så om du er med på litt førjuls-galskap, møt opp på så mange øvingar du kan før konserten, og bli med og skap historie på Bjoa.

Øvingane er kvar torsdag kl. 20.00 - 22.00 i Bjoa Kyrkje (Vi møter presis, og går heller tidlegare heim om alt går på skinner...).

Har prosjekt-koret eit namn? -Tja, det må vel bli "Bjoa Land-Händel"...

Vel møtt.

Helsing Sonja Bjørknes
Foto: Marit Eikehaugen. Interiør, Bjoa Kyrkje