Foto:

Ny giv i Bjoa Idrettslag

Av: Ingrid Johannessen 24.02.2010

Korleis vil eg at Bjoa IL skal vera i framtida?

* Vil du vera med å føra laget vårt eit steg vidare?
* Er du villig til å investera 4 timar i laget ditt?
* Vil du møta andre medlem i ein hyggeleg samankomst?

Du inviterast med dette til STARTMØTE i Bjoa Idrettslag
Drøsestova onsdag 17. mars kl 18.00.

Startmøte er i samarbeid med Rogaland Idrettskrets og blir leia av ein klubbrettleiar frå RIK.

Det viktigaste spørsmålet me vil diskutera er: Korleis vil eg at Bjoa IL skal vera i framtida?

Me ønskjer at alle grupperingar av medlemsmassen kjem, såleis at me kan få mange idear og innspel på å utikle laget inn i framtida.

Vel møtt til eit engasjerande og motiverande kveld der laget blir sett i sentrum.

Det vil bli enkel servering!

Venleg helsing
Wenche Salte ( RIK) og Rita Bjørnøy (BIL)

Foto: Bjoa Idretsslags vimpel som er tegnet av Ingvar Eikehaugen